måndag 22. august 2011

8.mai-vandring til Olsen hola på Berge

Rundt om i Forsand er det ikkje mindre enn fire såkalla Olsen-holer. I desse holene gøymde dei to rømlingane Otto Olsen og Ragnvald Mack seg i nær eit halvt år. Sidan 8. mai i år fall på ein søndag, valde Forsand sogelag å leggja den første vandringa si til nettopp ei av Olsen-holene, den i ura bak byggjefeltet i Bergekleiva.
Her låg dei to gøymde i nær fire månader og to, tre unge gutar tok ansvaret for dei. Ansvar for å halda dei godt gøymde, ansvar for matforsyningar og ansvar for å halda det varmt nok og leveleg i hola. Dei gode hjelparane, som me vil kalla dei, var det vårt ynskje å få fram denne gongen. I tillegg til Kristian Berge, Paul Berge og Henry Myrland, spela tre kvinner i Nedre Espedal ei viktig rolle. Det var søstrene Helga, Karina og Ragnfrid Espedal. Dei dyrka korn og mol det sjølv på kverna innunder Brekka. Så baka dei brød og sende ut til Forsand. Smør og kjøt kom og frå deira gard. Attåt desse var det handelsmann Oskar Espedal på Helle, som leverte proviant. Han hadde overtatt eit stort lager med hermetikk frå skipshandlar Smedvig i Stavanger. Og Oskar leverte middagsmat til holebuarane. Utan den hjelpa me fekk frå desse, hadde me ikkje hatt sjanse til å berga dei to, seier Kristian Berge i dag, 66 år etter.
Forsand, og då serleg Nedre Espedal, balanserte på kanten av ei katastrofe dei siste novemberdagane i 1944. Tyskarane visste at rømlingane var nede i dalen. Dei saumfor kvar gard og kvar tenkjeleg gøymestad. Det blei snakka om å bruka metodar som i Finnmark: Svi av kvar gard og grunn for å få folk til å snakka.
Heldigvis kom ein sabotasje til hjelp. Knottfabrikken i Hillevåg gjekk i lufta og alle styrkar blei kalla tilbake. Dermed fekk folk i dalen eit pusterom. Då er det at dei ber folk ute på Forsand om hjelp.
Kristian og Henry skaffar materialar og finn ei høveleg hole i Bergeura. Den blir kledd med ballongduk og celluloseplater, som eigentleg var kufor. Ein primus kjem på plass og den tener og som ovn med ei stor steinplate over blusset.
I denne hola held rømlingane seg til uti mars månad i 1945. Då treng forsandkarane ein pause og dei blir flytta til Espedalen igjen.
7.april kjem tyskarane til Helle tidleg på morgonen og tek Oskar. Han blir torturert og boren om bord i båten i elendig forfatning. Så tek dei opp dalen på jakt etter fleire hjeparar. Emil Eikeskog og Elias Eikeland blir tatt.
Her fekk Elias Eikeland ei forferdeleg bør på seg. Han visste om alle hjelparane, men måtte teia. Det klarte han, og heile bygda kan nok takka han for at ikkje fleire blei tatt og drepne i dei siste vekene av krigen. Oskar døydde dagen etter han blei tatt.
I tillegg til dei som nå er nemnde må me ta med bror til Elias, Peder Eikeland, Marton Espedal, Martin Espedal (Kjærhodl) og Ingebret Stein blant dei gode hjelparane.
Forsand sogelag meinte det var eit godt høve å minnast og takka alle desse gode hjelparane ein 8.maidag. 38 personar med stort og smått var med på vandringa, og Tanke Levik og Helge Nygård hadde fått lov til å rydda veg fram til hola.
Neste vandring som sogelaget inviterer til går søndag 19.juni.
Då skal me gå ned til sjøen i Rossavik. Der ligg ein bygningshistorisk skatt og ventar på oss. Alle skal og få læra å binda lauvkjervar og få med seg heim.
Me skal og få høyra om forberging i gamle dagar og om namnet Skavland. Tidlegare var det eit mykje brukt mellomnamn i Forsand. Korfor dette namnet var så gjevt, vil nok Tanke Levik seia oss. I dag er det vel berre ei kvinne att som har Skavland som mellomnamn.
Me ser deg vel 19.juni?
Og me har veldig lyst på fleire medlemmer i sogelaget.
Kontingent for enkeltperson er kr.150,- og for familie kr.200,-
Betal inn til kasserar Helge Nygård på konto nr. 3350.20.03602

Krinsendringar

Det blei halde røysting i alle krinsane om dette spørsmålet og resultatet blei slik:

• I Nedre Espedal krins var det eit knapt fleirtal for å senda borna til Forsand.
• I Skeivik krins var det fleirtal imot å flytta. 
• I Øvre Espedal gjekk dei samrøystes imot flytting.

Skuledirektøren tilrådde likevel sterkt ei sentralisering og det enda med at både skulestyret og kommunestyret gjekk inn for det våren 1961.

Den første ”Høgsfjord”-ferja blei sett i drift 22.mai 1962, og frå hausten 1962 blei elevane frå Skeivik overførte til Forsand krins.
Det blei og elevane frå Nedre Espedal krins.
Frå hausten 1963 blei også elevane frå Øvre Espedal overførte til Forsand.
Elevtalet i Forsand krins auka nå så mykje at det måtte endå eit nybygg til.
Hausten 1965 stod det klar to nye klasserom, to aktivitetsrom og gymnastikksal.
I 1954 hadde skulen fått nytt lærarrom, leskur og toalett.
I 1960 kom det ny klasseromsfløy.
Slik skriv Trygve Brandal om denne tida i kultursoga ”Fjordafolk” :

Nedlegginga av skulekrinsane gjekk ikkje smertefritt, korkje for foreldre eller elevar. På Forsand skule var det stadig sjau og kiving mellom elevane frå dei ulike krinsane. Skulen sleit med denne uroa ei heil tid.
På den første forteljarkvelden  såg me nærare på den situasjonen og elevar som opplevde denne tida fortalde.

søndag 13. februar 2011

Årsmøte på biblioteket tysdag 22. febr

Interimstyret i Forsand sogelag inviterer deg til årsmøte på biblioteket tysdag 22. februar kl 19.00.
Årsmøtesaker som skal avgjerast er vedtekter, kontigent, innmelding i RHÆ, styre og plan for aktivitetar.
Etter årsmøte kjem det kaffi og kaker på bordet og me opnar vår første  FORTELJARKVELD.....denne gongen med temaet "Krinsreguleringane på 60-talet og første tida etter sett frå elevane sin synsvinkel".

Vel møtt !

fredag 22. oktober 2010

Sogelaget startar og det er plass til fleire

12 interesserte møtte og ville bli med i sogelaget!    Eit interimstyre som skal førebu sogelagsoppstart ut i januar 2011 blei sett ned; Tora-Liv Thorsen, Tanke Levik, Kjell Kristian Berge, Åse Liv Ledaal Mæle og Sigurd Jakobsen. Dei frammøtte kom med aktuelle tema å sjå meir på.  Historia om sandtaks-, kraftverk, skulehusa, steinbrotet i Eiane, gruvene i Lastabotn, telegrafen, båtbygging, stadnamn, slektsgransking, gamle gjenstandar som fortel si historie bare for å nemna nokre få.  Og ikkje minst besøka gamle hus og andre kulturminne som enno finst. Og alt må så langt muleg dokumentert med bilder som kan leggast inn her. 

Takk til Torunn Levik som fortalte så levande om far sin Torgeir Espedal, best kjent som "Ryfylkevegen sin far". 
I 2008 reiste Torunn og mannen Tanke med  Sons of Norway i Ryfylke til  Wisconsin i Amerika.  Der to brør Espedal (Torgeir og ein eldre bror Jacob) kom til Elk Creek Church i ungdommen og laga ei altertavla.  
Kyrkjelyden hadde snakka om å fjerna denne og gje ho til eit lokalt museum.       
Grunn var at noko av det utskore motivet blei oppfatta som heidensk. Etter at dei norske hadde forklart at det gamle norske dragemønsteret ikkje var "vonde krefter" uttrykte presten at altertavla fortsatt skulle stå i kyrkja !   Torunn har lova sogelaget ein kopi av det flotte foredraget.
Vil du, kan du lesa meir i boka til Odd Harald Olsen : På "Ryfylkebesøk" i USA.               

Nytt liv i gamle minne - Sisselhuset på Levikbakken

Kulturminnedagen 12. september i år blei lagt til Sisselhuset.  Tema for kulturminnedagen 2010 var nytt liv i gamle minne og då høvde det å besøka Sisselhuset som er restaurert og har fått innbu på plass.  Sisselhuset er samanbygd med våningshus og løe, eitt av ganske få slike hus som er att i Ryfylkeregionen.  Derfor viktig kulturhistorisk dokumentasjon på levekåra til småkårsfolk for 100 - 170 år sidan.

Huset ligg som eit smykke i eit flott kulturlandskap.  Det blei restaurert i 2008 i eit spleiselag mellom grunneigar Lars Sigve Levik, Forsand kommune, Rogaland fylke, Fylkesmannen og Ryfylkefondet.  Huset var då til forfall, og det hasta med å få gjort noko raskt.   Minst muleg av treverket er skifta ut, helst bare reparert.  Noko som både er kostnadskrevjande og ofte tek lenger tid.  Bl.a er vinduene tatt ut og pussa opp før dei blei sett på plass igjen.  Også dørene i huset er dei gamle originale.  

måndag 11. oktober 2010

Vil du bli med å starta opp igjen Forsand sogelag ?

Det er nå 10 år sidan Forsand sogelag sist var i aktivitet, og denne gongen er det Pilt-Ola komiteen som inviterer til ny-skipingsmøte. 

Me har lenge hatt ønske om å få dette til. 
Viss du er interessert i å bli med så
KOM PÅ BIBLIOTEKET onsdag 20.okt kl 19.00.

Eit bilde fortel ei historie, om folk og spor av levd liv.  Og det er viktig for oss å veta kven som er fotograferte.

Me har plass til alle, både deg som alt kjenner grendene, men og dei som er nye i bygda !
Me har alt funne folk som kan tenka seg å stilla til eit første styre og leia det, men tek likevel imot fleire kandidatar.  Du blir med og bestemmer kva laget skal arbeida med framover.    Velkommen !